Kven kan stemme ved valet i Noreg?
For å ha stemmerett ved valet i Noreg, må desse krava vere oppfylt:
- du må vere norsk statsborgar (gjeld ikkje kommunestyre- og fylkestingval),
- ha fylt 18 innan utgangen av valåret,
- ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnloven § 53
- og du må vere, eller har tidlegare vore, folkeregisterført som busett i Noreg.
Ved kommunestyre- og fylkestingsval er reglane dei same, men med eitt viktig unnatak. Det er ikkje nødvendig å vere norsk statsborgar. Utanlandske statsborgarar kan derfor også stemme ved kommunestyre og fylkestingsval i Noreg dersom dei oppfyller kriteria for stortingsval og har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Statsborgarar frå eit anna nordisk land som har blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret har også stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg.
Berre samar som er innførte i sametinget sitt valmanntal har stemmerett ved sametingsval, noko som inneber at denne stemmeretten er avgrensa til dei med samisk tilhøyrsel.
For å kunne stemme ved stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval, må veljaren vere innført i manntalet i ein kommune på valdagen. Dette gjeld både for norske statsborgarar og utanlandske statsborgarar.