Tidlegstemme og førehandsstemme

Tidlegstemme og førehandsstemme

Stemme på førehand, frå utlandet, frå institusjon, frå heimen eller på valdagen

Viktige datoar Frå og med Til og med
Tidlegstemme 1. juli 9. august
Førehandsstemme 10. august 6. september
Førehandsstemme utanriks 1. juli 4. september
Førehandsstemme Jan Mayen/Svalbard 1. juli 6. september
Førehandsstemme ved omsorgssenteret
Valdagen 9. september 9. september

I Aukra kommune kan du tidlegstemme og førehandsstemme på kommunehuset. Meir informasjon om stemmestader vil komme etter kvart.

Tidlegstemme

Du kan stemme i perioden 1. juli til 9. august dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen. Du har ikkje fått valkortet enda, ta med legitimasjon når du kjem på kommunehuset for å tidlegstemme.

Førehandsstemme

I førehandsstemmeperioden kan du stemme kor du måtte ønskje i heile landet. Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommune enn heimkommunen din, får du utdelt ein røystesetel som er påførd dei registrerte namna til dei politiske partia, utan kandidatnamn. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti/gruppe du vil stemme på. Du kan også skaffe stemmesetel frå din kommune og bruke den dersom du ønskjer å gjere endringar. Det same gjeld dersom du stemmer utanfor fylket ditt.

Kan eg stemme fleire gonger?

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogeleg å angre på røystinga si i Noreg. Det betyr at dersom du førehandsrøystar, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Er du sjuk eller ufør?

Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på grunn av dårleg helse eller av andre grunnar, kan du søkje valstyret i kommunen din om å få stemme heime eller der du held til. Då kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.

Ta kontakt med serviceavdelinga innan tysdag 3. september på tlf. 71 17 15 00 for å avtale tid.

Oppheld du deg i utlandet?

Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir om korleis du førehandsstemmer i utlandet på valg.no.

Kontaktinformasjon

Aaslaug Søreide
Servicesjef
E-post
Telefon 71 17 15 15
Mobil 900 88 578
Martina Susanne Böttcher
Konsulent
E-post
Telefon 71 17 15 16

Opningstider

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Adresse

Kommunehuset
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30

Kart

Fann du det du leita etter?