Nye rom, nye moglegheiter og store forventningar til kva framtidas kulturskole skal innehalde. I det nye huset får vi alle oppleve, meistre og vere saman. Vi får store scener, små scener, bak scena, nye farger på lerretet, digitale verktøy og vi kan skape noko saman med alle dei som vil. Vi lar dans, teater, kunst, teknologi og musikk fylle huset med skaparglede og begeistring. Kulturskolen kjem nær, både naboar som skole, barnehage, helse, pleie og omsorg, og ikkje minst – nær deg. Når huset opnar vil Aukra kulturskole invitere deg inn i nye rom, der innhaldet vert til i møtene mellom folk i alle aldrar. Både lærarar og elevar gler seg stort til å pakke opp instrument, dansesko, kostymer, malepenslar, spotlight og mikrofonar for å skape noko magisk i framtidas kulturskole


Aukra kulturskole - Der magiske ting kan skje 