Vi har flytta inn i Aukra kulturhus!

Vi har flytta inn i Aukra kulturhus!

Ein milepæl er nådd - mandag 9. mai starta vi opp med undervisning i Aukra kulturhus på Falkhytten. 

Aukra kulturhus har offisiell opning 3. september. Vi er no i ein fase med prøvedrift i det nye huset og kulturskoleelevane på Gossen vil få all undervisning i våre nye lokaler. Det er ikkje alt som er heilt på plass enda, men det blir veldig bra til slutt. Både store og små gler seg over å få utforske nye rom og nye moglegheiter.

Vi har ledige plassar på fleire av våre tilbod frå hausten, både på Gossen og i Julsundet. I Julsundet nyttar vi lokala til Julsundet skole og fleirbrukshus, som vart bygd i 2018.

Les meir om alle tilboda våre