Søknadsfrist og re-registreringNo er det snart søknadsfrist for plass i kulturskolen frå hausten 2021.FRIST: 15. MARSDei som har hatt plass i kulturskolen dette skoleåret må no re-registrere seg for neste skoleår. Dette må du gjere for å behalde plassen og bli prioritert før nye søkjarar. Hugs at det kan være lurt å re-registrere seg no og så kan du bestemme deg innan 1. juni om du vil ha plassen eller ikkje.Logg inn i SpeedAdmin for å re-registrere degLurer du på kva du vil begynne på i kulturskolen? Les om våre tilbod Når hovedopptaket er ferdig etter 15. mars vil alle få vite om dei har fått plass på tilbodet dei ønskja seg.Om du lurer på noko kan du ta kontakt med oss på mail til kulturskolen@aukra.kommune.no eller på telefon 71171495.Sjå video med forklaring av søkjeprosessenVi håper å sjå deg til hausten! 😊 Slik re-registrerar du deg: Logg inn i SpeedAdmin for å re-registrere deg Velg elev om du har fleire barn som går i kulturskolen Velg re-registrering i toppmenyen Faga dine kjem opp, velg aktuelt fag, velg så fortsett eller slutte Trykk så på re-registrere, da er det registrert Sist endra26.02.2021 21.14