Dansemix for vaksne i Julsundet

Dansemix for vaksne i Julsundet

Frå hausten ønskjer vi å starte opp tilbodet Dansemix for vaksne i Julsundet.

Førebels tid er mandagar kl. 17 i gymsalen på Julsundet skole, oppstart i veke 34.  

Timen kombinerer ulike dansesjangrar, samt styrketrening og tøying/avspenning. Innhaldet i timen blir tilpassa gruppa og passar for vaksne i alle aldrar som er glad i musikk og bevegelse. 

Vi har hatt tilsvarande tilbod på Gossen, med ei fullteikna gruppe som har gitt gode tilbakemeldingar.

Tilbodet vert starta opp om det er tilstrekkeleg med søkjarar. 

Søk om plass på Dansemix for vaksne