Sommartilbod for barn og unge i Aukra

Sommartilbod for barn og unge i Aukra

Ung sommar i Aukra er namnet på Aukra kommune sine sommartilbod for barn og unge i frå 1.trinn–18 år. Sommartilboda skal gje elevane faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommarferien.

Aldersgruppe 

Tilboda er for elevar som går i 1.–10. trinn i inneverande skoleår og det er klassetrinnet du går i no, i skoleåret 20/21 som avgjer kva for tilbod som er aktuelt for deg. Nokre av tilboda går opp til 18 år, les meir om dei ulike tilboda.

Kva 

Aukra kommune tilbyr sommartilbod for alle barn og unge i kommunen. Alle tilboda er gratis.

Det blir tilbod for 1.–10. klassetrinn, samt at nokre av tilboda er opp til 18 år. Det blir ulike tilbod tilpassa forskjellige aldersgrupper. 

Når  

Tilboda vil foregå i veke 25, 26, 27, 28, 31, 32 og 33. 

Påmelding

Påmeldinga opna 20. mai kl. 18, det er "førstemann til mølla" sidan det er eit begrensa antall plassar på tilboda. 

Tilbodet Drop innom for 8.–10. trinn + vgs har ikkje påmelding, der er det berre å møte opp.

Kontakt

Om det er noko du lurer på kan du ta kontakt på e-post: ungsommariaukra@aukra.kommune.no

Oversikt vekevis

Veke 25:

Kunstverkstad 3.–7. trinn

Drop innom frå 8. trinn

Veke 26: 

Aktivitetsveke med stiftelsen JoinUs 1.–10. trinn

Drop innom frå 8. trinn

Veke 27:

Samskap 5.trinn–18 år

Veke 28:

Samskap 5.trinn–18 år

Veke: 31

Aktivitetsveke med stiftelsen JoinUs 1.–10. trinn

Friluftsliv, idrett og fag 7.–10. trinn

Veke 32:

Friluftsliv, idrett og fag 7.–10. trinn

Drop innom frå 8. trinn

Veke 33: 

Drop innom frå 8. trinn

 

Ung sommar i Aukra - viktige datoar

Informasjon om tilboda blir tilgjengeleg frå 11. mai

Du finn oversikt over alle tilboda på nettsida www.aukrakulturskole.no. Alle elevar i Aukra kommune får ranselpost med informasjon om tilboda. Vi marknadsfører tilboda i sosiale media og i andre kanalar.

11.05.2021

Påmeldinga opnar 20. mai kl. 18

For å melde deg på klikkar du deg inn på ønskja tilbod på sida her, der finn du lenke til påmeldingsskjema i Forms. Fyll ut alle opplysningar og send inn skjema. 

20.05.2021 15.00

Påmeldingsfrist 1. juni

Påmeldinga er open til og med 1. juni, så stengjer den.

01.06.2021

TIldeling av plass seinast 10. juni

Du får vite om du får plass på ønskja tilbod seinast 10. juni. Det er eit begrensa antall plassar på kvart tilbod og det er "førstemann til mølla" som gjelder. 

10.06.2021