I dei nærmaste dagane vil innbyggarar over heile fylket ta i mot ein sms eller e-post om å delta på Folkehelseundersøkinga. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker.
-Informasjonen vi får frå innbyggarane våre gjennom undersøkinga vil kunne seie mykje om kva vi skal prioritere i arbeidet vårt for ei berekraftig samfunnsutvikling i kommunen og i Møre og Romsdal, seier folkehelsekoordinator i Aukra kommune, Tove Charlotte Æsøy.
Første gong i Møre og Romsdal
Dette er første gongen at vi gjennomfører ei så stor undersøking for å kartlegge befolkninga si helse, trivsel og livskvalitet i fylket. Deltakarane er eit representativt utval som blir tilfeldig trekt frå Folkeregisteret. Opplysingane blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.
Viktig med høg svarprosent
Denne undersøkinga er ein del av ei nasjonal satsing i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og mange fylke har allereie gjennomført slike undersøkingar i sine fylke.
-Vi ønsker at flest mogleg av dei som får invitasjon til å delta svarar på undersøkinga. På denne måten kan alle bidra til det blir tatt omsyn til kvardagen, livskvaliteten og meiningane til dei som bur i kommunen vår og til forsking på fylkes- og landsbasis. Resultata vil vere svært viktige for korleis vi legg planar i åra framover, seier Tove Charlotte.
På Møre og Romsdal fylkeskommune og Folkehelseinstituttet sine nettsider kan du lese meir om undersøkinga:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Folkehelseinstituttet