Informasjon frå kommunen

Vil du vere medlem i forliksrådet?

Vil du vere medlem i forliksrådet?

Aukra kommune treng medlemmar og varamedlemmar til forliksrådet for perioden 2021-2024. Frist for å melde si interesse er 12. oktober 2020.

Aukra kommune treng

Vi treng to medlemmar og to varamedlemmar til forliksrådet vårt.

Kort om oppgåva som medlem/vara i forliksrådet

Forliksrådet er folkets eigen domstol. Det består av tre lekdommarar og like mange varamedlemmar. Dei fleste saker dreier seg om usamd om gjeld i ulike samanheng, særleg knytt til kjøp av varer og tenester. Kvart forliksråd har eit sekretariat. Sekretariatet for Aukra forliksråd er Molde politistasjon. Det er difor muleg at nokre møte vert halde i Molde.

Du kan lese meir om forliksrådet og rådet sine oppgåver på Samarbeidsutvalet for forliksråd og namsmenn (SFN) si heimeside.

Kven kan vere medlem/vara i forliksrådet?

For å kunne vere medlem/vara i forliksrådet må du

  • vere norsk statsborgar
  • ha fylt 25 år
  • vere under 70 år ved valperiodens start 1. januar 2021
  • beherske norsk skriftleg og muntleg godt
  • ikkje vere frådømt stemmerett i offentlege saker

Kven vel forliksrådet?

Det er kommunestyret i Aukra som vel medlemmar og vara til forliksrådet. 

Alle vert valt for fire år. Valperioden  er 1. januar 2021 – 31. desember 2024.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Fristen for å melde seg som medlem/vara i forliksrådet for Aukra kommune går ut 12. oktober 2020.

Søknadsskjema for medlem/vara i forliksrådet