Vil du vere meddommar?

Vil du vere meddommar?

Vil du vere meddommar for perioden 2021-2025? Fristen for å melde seg som meddommar i Aukra kommune går ut 9.april 2020. 

Aukra kommune har behov for fleire meddommarar som saman med juridiske fagdommarar er med på å ta avgjerder i rettsaker. Dette er ei viktig samfunnsoppgåve der akkurat du kan få moglegheita til å gi domstolen ei demokratisk forankring. Det er eit vanleg rettsprinsipp at ein skal dømmast av sine likemenn. Derfor har meddommarane ei viktig rolle i rettssystemet. Det er ansett som ein garanti for rettstryggleiken at borgarane har medavgjerd og kan uttrykkje rettsoppfatninga si ved å dømme i blant anna straffesaker.
Les meir om meddommarordninga og kva det vil seie å vere meddommar på nettstaden til Norges Domstoler. 

Aukra kommune treng:

  • 6 meddommarar til lagmannsretten (3 kvinner og 3 menn)
  • 10 meddommarar til tingretten (5 kvinner og 5 menn)
  • 10 meddommarar til jordskifteretten (5 kvinner og 5 menn)
  • 6 skjønnsmedlemmar til tingretten og lagmannsretten

Kort om oppgåva som meddommar

  • Du skal dømme i enkeltsaker saman med andre meddommarar og fagdommarar.
  • Du blir kalla inn til rundt ein til tre rettssaker i året. Dei fleste rettssaker varar frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.
  • Du har møteplikt. Ved nokre tilfelle kan du få fritak frå å møte, for eksempel ved sjukdom eller om viktige oppgåver og plikter blir forsømt.

Kven kan vere meddommar?

  • Folkeregistrerte i Aukra kommune som er over 21 år og under 70 år ved valperioden sin start 01.01.21
  • Snakkar og forstår norsk
  • Norsk statsborgar eller stasborgar i eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra.
  • Du må ha plettfri vandel.

For meddommarar til jordskifteretten er det ønskjeleg med personar som i tillegg har fagkompetanse innan eit eller fleire av følgjande fagområde:

  • Eigedomsverdi (for eksempel eigedomsmeklar eller takstmann).
  • Plan og bygningsrett (for eksempel reguleringsarkitekt eller saksbehandlar frå offentleg forvalting).
  • Bygg og anlegg (særleg med tanke på vegbygging, men også annan kommunalteknikk).
  • Jord- og skogbruk.

For skjønnsmedlemmar er det ønskjeleg med personar som i tillegg har fagkompetanse innan eit eller fleire av følgjande fagområde:

  • Ulike sider av verdifastsetjing, bruk og drift av fast eigedom
  • Plan- og reguleringsprosessar
  • Bygg- og anleggsarbeid
  • Økonomi, revisjon og rekneskap

Opplæring og betaling

Meddommarar får opplæring og det er vanlegvis fritt frå jobb for å utføre vervet. Det vert gitt erstatning for tapt arbeidsforteneste. Dei som ikkje er i eit tilsetjingsforhold får 250 kroner pluss reiseutgifter per oppmøtedag.

Kven vel? 

Det er Kommunestyret i Aukra som vel meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten. 

Forslag til skjønnsmedlemmer vert sendt frå kommunen for oppneving i fylkestinget.

Alle blir valt for fire år i perioden 01.01.2021 – 31.12.2024.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Fristen for å melde seg som meddommar/skjønnsmedlem i Aukra kommune går ut 9. april 2020. 

Søknadsskjema for meddommar/skjønnsmedlem