Vi har ledig stilling som kommunedirektør

Vi har ledig stilling som kommunedirektør

Vi ønsker ein kommunedirektør som har god rolleforståing og er ein kulturbyggjar som skaper stoltheit og stabilitet i organisasjonen.  Du skal leie ein kommune med 450 tilsette og skal motivere og delegere ansvar slik at det skaper god samhandling på tvers av einingar. Kommunedirektøren evnar å vidareutvikle felles mål og arbeider for eit godt samspel mellom administrasjon, tillitsvalde, politikk, innbyggjarar og næringsliv. 

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Vidareutvikle organisasjonen gjennom strategisk leiing og organisasjonskultur med tydelege leiarroller, høg kompetanse og gode haldningar 
  • God og langsiktig økonomistyring og forvaltning 
  • Utvikle ein framtidsretta HR-strategi som gir langsiktig rekruttering, kompetansebygging og utvikling med tilfredse medarbeidarar 
  • Vidareutvikle strategiar for samfunns- og næringsutvikling både kommunalt og gjennom regionalt samarbeid
  • Vere ein pådrivar i prosessar innanfor endring og digitalisering
  • Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak
  • Sikre god kommunikasjon og service til innbyggjarane

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søker deg som har relevant høgare utdanning og leiarerfaring, gjerne frå kommune/fylkeskommune. Du må kunne dokumentere gode resultat som leiar og evne å motivere organisasjonen mot felles mål. Du har god rolleforståing og respekt for formelle prosessar i politisk styrte organisasjonar. Det vert lagt vekt på ansvarlegheit og lojalitet, saman med god økonomisk forståing og analytiske evner. 

Som person og leiar er du trygg, tydeleg og vennleg, med strategiske evner og god heilskapleg forståing. Du er målretta og resultatorientert, med sterk gjennomføringskraft og stor arbeidskapasitet. Du trivast i rolla som kultur- og teambyggjar og skape begeistring, motivasjon og «Vi-kjensle», både i forhold til eigen organisasjon og politisk leiing. Det vert lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, god relasjonsbygging på alle nivå, og kunnskap og ferdigheiter om godt partssamarbeid. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby ein spanande og krevjande toppleiarjobb i ein kommune med mange moglegheiter. Arbeidsmiljøet er godt med dyktige og dedikerte kollegaer, gode forsikringsordningar og gode lønns- og pensjonsvilkår. 

Interesserte kan ta uforpliktande kontakt med ordførar Odd Jørgen Nilssen mob. 41 63 08 40 eller FREMO rekruttering ved Jorunn Løseth mob. 907 90 311 eller Hege Svendsen mob. 905 87 920. 

All kontakt til FREMO vil bli behandla konfidensielt, også ovanfor oppdragsgivar i innleiande fase om ønskeleg.

Søknadsfrist

Søknadsfrist: 18. mai

Slik søkjer du

Søknad til stillinga skjer elektronisk via FREMO sin søknadsportal på fremobemanning.no eller Finn.no.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

Første gong publisert på heimesida: 30. april 2021