Informasjon frå kommunen

Verdsdagen for psykisk helse 2020

Verdsdagen for psykisk helse 2020

Markeringa av Verdsdagen 2020 vert den 27. oktober på Gamle Riksfjord skole frå kl.10.30.

Om arrangementet

  • Dato: Tysdag 27. oktober 2020
  • Tid: kl. 10.30
  • Stad: Gamle Riksfjord skole

Kommunepsykologen vår, Marie Midtsund, held foredraget "Ufullkomen, saman - om psykologisk fleksibilitet og flokkdyret mennesket".

Det vert servert kake og kaffi før foredraget, og det vert høve til å kjøpe seg mat i dialogkaféen.

Program for dagen

  • 10.30-11.00 Registrering
  • 11.00-11.15 Velkomen og introduksjon
  • 11.15-12.45 Foredrag ved kommunepsykolog Marie Midtsund
  • 13.00 Kulturelt innslag. Open dialogkafé.

Påmelding

Av omsyn til smittevern har vi påmelding for å delta på markeringa. Frist for påmelding er 23. oktober 2020.

Send di påmelding til svanhild.lillebostad@aukra.kommune.no 

Om Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og vert offisielt markert 10. oktober. Målet er å auke bevisst­heita om psykiske problem omkring i verda og mobilisere til innsats for psykisk helse. I samarbeid med Frivilligsentralen, Kulturavdelinga, Eining for innvandring og integrering, Kulturskolen og Frisklivsentralen ønskjer tenesta psykisk helse og rus å markere verdsdagen for psykisk helse.

Tema for 2020 er: SPØR MEIR!

Ved å spørje meir, vil fleire kjenne seg inkludert. Og vi kan oppdage om nokon treng hjelp. Vi vil oppfordre alle til å spørje meir dersom du er bekymra for nokon. Ikkje slutt å bry deg, og ikkje gje deg dersom du faktisk er bekymra. Ting vert ikkje verre om du spør!

Fem grunnar til å markere Verdsdagen

Meir openheit om psykisk helse kan føre til:

  1. At det blir lettare å dele tankar med andre, og å gi og få støtte
  2. Mindre tabu og skam rundt psykiske utfordringar
  3. Å styrke den psykiske helsa
  4. Eit meir inkluderande nærmiljø, arbeidsmiljø og skolemiljø
  5. Eit rausare samfunn