Velkommen til Digital kafé og Digitalhjelpen hausten 2023

Velkommen til Digital kafé og Digitalhjelpen hausten 2023

  • I haust blir digital kafé arrangert på tysdagar kl. 15.30 - 17.30. 
  • Måndagar kl. 12-14 tilbyr biblioteket digital hjelp. 

Digital kafé

Ønskjer du å lære meir korleis du brukar ein mobiltelefon, PC eller nettbrett?​

  • ​Er du usikker korleis du startar og slår av datamaskina? Vil du lære å sende ei melding eller korleis du kan ha ein videosamtale med barnebarnet? ​
  • ​Om du vil vere med på ein sosial kveld med kaffi, vaflar og gode samtalar, då er digital kafé noko for deg. ​
  • ​Du kan komme kvar gong eller når det passar best. 

NÅR: Tysdagar kl. 15.30 - 17.30​

DATO: 17. oktober til 19. desember 2023

STAD: Aukra kulturhus v/Soltun scene

Digital hjelp

Kommunen tilbyr også digital hjelp på biblioteket i same periode. Inga påmelding. Det er berre å møte opp. 

NÅR: Måndagar kl. 12 - 14

DATO: 16. oktober til 18. desember 2023

STAD: Biblioteket