Informasjon frå kommunen

Vedlikehald Leidningsnett Tverrlia til Jendemsbukta

Vedlikehald Leidningsnett Tverrlia til Jendemsbukta

Dette er eit varsel frå Aukra kommune. Varselet gjeld området Torhaugmyra bustadfelt.

Aukra kommune har i dag 14.10.2020 gjennomført naudynt vedlikehald av leidningsnettet og har køyrt reinseplugg på strekninga Tverrlia til Jendemsbukta. Dette skulle gjennomførast i tidsrommet 10-13.00 i dag

Dette sendte Aukra kommune ut varsel om på førehand 13.10.2020. Vi har fått tilbakemelding om at alle ikkje har motteke varsel. Dette beklagar vi og skal ta dette vidare til leverandør av varslingsprogrammet.

Vi har diverre fått ein del uforutsette problem med pluggkøyringa som vi enda ikkje har klart å løyse. Vi er usikre på når vi klarer å løyse dette problemet.

Vi har sendt ut varsel til kvar enkelt innbyggar som er direkte råka av problemet, via varslingssystemet vårt og håper alle har motteke varsel.

Aukra kommune vil oppdatere status so snart vi veit meir om når problemet er løyst og vatnet kan settjast på igjen.