Vatningsforbod i Aukra kommune

Vatningsforbod i Aukra kommune

Vi innfører vatningsforbod i tidsrommet 2.-7. juni 2021 mellom kl. 8.00 og 20.00.

Vatningsforbod

  • Vatningsforbodet gjeld frå og med i dag 2. juni 2021 og til og med måndag 7. juni 2021. 
  • Det er ikkje tillate med hagevatning, bilvask, bassengfylling og liknande mellom kl. 8.00 og 20.00

Grunngjeving

Vi opplever for tida stort forbruk av vatn ute på nettet.

Grunna vedlikehald i høgdebasseng Hukkelberg og ved vassverket i Tverrlia er det utfordrande å skaffe nok vatn i periodane med høgast forbruk. Vi har vurdert situasjonen som kritisk i det å skaffe nok vatn til for eksempel brannvatn om det skulle bli behov for dette.

Aukra kommune vil difor innføre vatningsforbod med hageslange frå i dag 2. juni 2021 til måndag 7. juni 2021 mellom klokka 8.00 og 20.00. Det vil i dette tidsrommet ikkje være tillate med hagevatning, bilvask, bassengfylling og liknande.

Vi ber innbyggjarane om å respektere vatningsforbodet.