Kvar skal eg rydde?
Hold Norge Rent oppfordar til rydding langs elver, innsjøar, strender, holmar, stiar og i sentrumsområde - der du tenker det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta.
Utstyr til rydding
Du kan hente gratis utstyr (hanskar og sekkar) på kommunehuset i opningstida måndag til fredag kl. 10-14. Ta eventuelt kontakt med oss dersom du ikkje har anledning til å stikke innom i dette tidsrommet.
Ta kontakt med miljørådgjevar
Hugs at du kan vaske hanskane på 40 grader og bruke dei igjen og igjen.
Kva skal eg gjere med avfallet?
Mindre mengder søppel som får plass i eigen dunk for restavfall kan du kaste på vanleg måte saman med hushaldningsavfallet. Om det er større mengder søppel kan du levere avfallet gratis på gjenvinningsstasjonane til RIR. Ta sjølv kontakt med RIR om det er ønskeleg å avtale henting av avfallet.
Finn gjenvinningsstasjon
Ta kontakt med RIR
Rydde - Appen for alle som ryddar
Rydde er eit digitalt verktøy som gir deg oversikt over frivillig rydding i Noreg. I Rydde kan du mellom anna melde deg på andre sine ryddeaksjonar, registrere det du ryddar og melde inn forsøpla område.
Les meir om Rydde og last ned appen
Hald Noreg Reint
På holdnorgerent.no kan du lese meir om forsøpling, nasjonale ryddedugnadar og andre aktuelle tema.