Valdag for rådgjevande folkerøysting for Julsundet skolekrins - målform

Valdag for rådgjevande folkerøysting for Julsundet skolekrins - målform

Valdagen for rådgjevande folkerøysting vert på måndag 18. november 2019. Vallokalet er ope mellom kl. 12.00 og 20.00.

Dato, tid og stad for valdagen

  • Dato: Måndag 18. november 2019
  • Tid: Kl. 12.00-20.00
  • Stad: Gymsalen på Julsundet skole og samfunnshus

Inngang og parkering

Du kan bruke alle innganger til samfunnshuset. Det er mulegheit for parkering ved hovudinngangen til samfunnshuset.

HC-parkering

HC-parkering finn du på baksida av samfunnshuset. Du kan bruke bakdøra. OBS! Bakdøra opner seg ikkje automatisk. Du må bruke knappen til venstre for døra.

Hugs legitimasjon!

Hugs legitimasjon når du skal stemme!

Vallova krev at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Dette er fordi det skal vere mogeleg å kontrollere at du er den du utgir deg for å vere. Dersom det ikkje er mogeleg å stadfeste dette, får du heller ikkje stemme. Ta derfor med legitimasjon når du skal stemme.

Gode døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruke annan type legitimasjon. Kravet er at den inneheld namnet til veljaren, fødselsdato og bilete.

Det vart ikkje sendt ut valkort til folkerøystinga.

 

Les meir om rådgjevande folkerøysting for Julsundet skolekrins