Vaksinasjon frå fylte 12 år

Vaksinasjon frå fylte 12 år

Aukra kommune startar no med vaksinering av barn/ungdom frå fylte 12 år.

Gruppa vil få tilbod om vaksine onsdag 8. september i skoletida i samarbeid med skulane i kommunen. Elevane vil bli følgde klassevis av kontaktlærarar til Aukrahallen. For dei som ikkje er fylt 12 år vil det kontinuerleg vere mogeleg å vaksinere seg onsdagen etter fylte 12 år etter avtale med koronakontakten til kommunen.

Dette gjeld for alle elevar i aktuelle aldersgrupper ved både Gossen barne- og ungdomsskole og Julsundet skole, uavhengig av bustadskommune.  

Vi ber om at føresette er oppmerksame på ranselpost fredag og sender samtykkeskjema tilbake til skolen innan måndag 6. september, uavhengig om barnet/ungdomen skal ha vaksine eller ikkje. 

Ved spørsmål kan de ringje kommunen sin koronakontakt på telefon 906 92 558.

Informasjon om vaksina. (DOCX, 21 kB)
 

Med helsing

Kommuneoverlegen i Aukra