Utvida kollektivtilbod under Moldejazz

Utvida kollektivtilbod under Moldejazz

Møre og Romsdal fylkeskommune vil som tidlegare ha eit utvida kollektivtilbod under Moldejazz. Det blir ekstra avgangar både på dag, kveld og natt.

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertane i Alexandraparken og at delar av Storgata er stengd, køyrer ikkje bussane forbi Scandic Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Kjøp billett i FRAM-appen eller om bord

Alle bussane med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal, og selskapet ber om at du har billetten i FRAM-appen, reisekortet, bankkortet eller kontantane oppe når du går om bord.

Ekstraavgangar for hurtigbåten og ferjene

For ferjerutene 30 Solholmen-Mordalsvågen og 31 Aukra-Hollingsholmen vil det vere ekstraavgangar natt til fredag og laurdag i korrespondanse med bussrute 531.

For informasjon om rutetidene:

Her kan du finne ekstraavgangane under Moldejazz i pdf-format.

Du kan også få utskrift av rutetilbodet på kommunehuset. 

Fann du det du leita etter?