Informasjon frå kommunen

Utsatt oppstart av videolegevakt i Molde interkommunale legevakt

Utsatt oppstart av videolegevakt i Molde interkommunale legevakt

Endringar i legevaktsordninga for Aukra gjeld først frå 10. februar 2020.

Utviding av Molde interkommunale legevakt med oppstart av videolegevakter i Aukra og Midsund, samt Sunndal og Rauma skulle etter plana setjast i verk frå  02.01.2020 og 06.01.2020.

Det har likevel vore utfordringar med ferdiggjering av romma som skal brukast til videokonsultasjonar, medrekna med forseinkingar på leveransar av utstyr og datasystem. Dette har hatt konsekvensar for testing av utstyr og opplæring av legar og sjukepleiarar. Legane har kjent på uro for situasjonen. Etter ei samla vurdering har ein derfor vedteke å utsetje oppstarten av det utvida legevaktsamarbeidet og videolegevaktene.

Oppstart av videolegevakta på Aukra og i Sunndal blir planlagt til 10.02.2020

Fram til då vil noverande legevakttenester vere gjeldande. Utsetjinga vil gi rom for ein «mjuk start». Utvalde pasientar vil få tilbod om å nytte videolegevakt sjølv om det er lege på vakt i kommunen. Dette vil i tillegg til dette bli gjennomførd ytterlegare opplæring av legar og sjukepleiarar i tida fram mot oppstart.

Alle som ønskjer kontakt med legevakt skal på vanleg måte ringje 116117.

Fram til ny ordning vert iverksett, vert legevakta organisert slik: 

  • Vakta startar kl.16.00 på kvardagar fram til kl. 8.00 neste dag og vert dekt av legane i Aukra og Midsund. 
  • Frå kl. 16 fredag og døgnvakt i helgar og på heilagdagar er legevakta lokalisert i Molde.