Informasjon frå kommunen

Utleige av kommunale lokalar

Utleige av kommunale lokalar

På grunn av situasjonen rundt Covid-19, så har fleire av dei kommunale lokala ikkje vore tilgjengeleg for publikum dei siste månadane. Smittevernlegen har godkjent at nokre av lokala kan nyttast av publikum under ulike føresetnader: 

  • Avtal besøk på førehand.
  • Arrangement/møteansvarleg er også smittevernansvarleg som har ansvar for at besøkande er frisk og gjennomfører god handhygiene.
  • Møtearrangøren må vaske overflatene. Det vil ligge våtserviettar på møteromma som deltakarane kan bruke.
  • Hald avstand som anbefalt frå nasjonalt hald.
  • Arrangement/møteansvarleg skal sørge for registrering av alle som er til stade. Ansvarleg for bygga/møteromma oppbevarer denne lista så lenge det er nødvendig.
  • Møtearrangør sørger for å formidle informasjon om at deltakarar som får luftvegsmitte innan 24 timar og/eller magevonde innan 48 timer melder seg.
  • Du må rekne med at du blir belasta for ekstra reinhald dersom utleigar krev det. 

Ta kontakt med utleigar for avklaring på kva lokale som er tilgjengeleg for utlån og kva føresetnader som gjeld. På grunn av ferieavvikling, er det fleire av lokala som ikkje vil vere tilgjengeleg for utlån før til hausten. 

Oversikt over kommunale lokalar og kontaktinformasjon.