Strandryddeveka

Strandryddeveka

Strandryddedagen er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Noreg Rent der fleire tusen frivillige ryddar strender, øyer, holmar og havbotnen langs kysten så vel som langs bekker, elvar og innsjøar i innlandet.

Når er strandryddedagen?

Du kan rydde heile året, men i 2019 finn Strandryddedagen stad laurdag 4. mai og er ein del av Strandryddeuka som startar måndag 29. april og varer fram til søndag 5. mai. 

Registrer ryddeaksjonen

Registrer aksjonen på www.holdnorgerent.no. På denne ryddeportalen finn du også ei oversikt over kva strender som bør ryddast og kva strender som allereie er rydda. Og du kan melde inn strender du veit treng ein dugnad. 

Kvar kan du hente sekkar til ryddinga?

Sekker til å plukke i får dykk heilt gratis på gjenvinningsstasjonane eller på kommunehuset. Om dykk har sekker frå før er det greitt å bruke dei. De kan også bruke dei gjennomsiktige sekkane til RIR.

Å avtale hentestad og hentetidspunkt

Kontakt RIR på telefon 71 21 34 50 eller rir@rir.no for å avtale hentestad og hentetidspunkt. 

RIR kan hente avfall i sekker som er sett fram til vegen på hentedagen for restavfall. Større gjenstandar må dei ha særleg melding om. De kan også levere til gjenvinningsstasjonen dersom det er enklare for dykk. Ved større aksjonar kan RIR hjelpe med containerar eller spesiell transport etter nærmare avtale. 

Når du/de er ferdige med å rydde kan du registrere mengda du/de har rydda på www.holdnorgerent.no

Fann du det du leita etter?