Rydd i nærområdet ditt
Vi oppmodar til rydding langs elvar, innsjøar, strendar, holmar, øyar, stiar og liknande i nærleiken av der du bur.
Under Strandryddeveka bidreg barnefamiliar, vennegjengar, studentar, bondelag, fiskerinæringa, friluftsråd, lag og foreiningar, kommunar, avfallsselskap og mange, mange fleire til ein rein og vakker natur.
Les meir om korleis du planlegg og gjennomfører ein ryddeaksjon.
Gratis ryddeutstyr
Du kan hente gratis ryddeutstyr på
- Kommunehuset mellom kl. 10 og 14,
- Kulturhuset og
- Extra Hollingen.
Kvar skal du gjere av søpla?
Fint om du kan frakte søpla til Rothaugen på Gossen eller Årødalen i Molde. Søpla blir ikkje henta på ryddestaden av renovasjonsselskapet. Renovasjonsselskapet krev at du leverer avfallet i “Hold Norge rent”-sekkar.
Rothaugen har slik opningstid:
- Torsdagar: Kl. 11.30 - 18.00
- Fredagar: Kl. 09.30 - 16.15
- Første laurdag i kvar månad: Kl. 10.00 - 14.00
Adresse: Rishaugvegen 96, 6480 Aukra
Kontaktinformasjon til Hold Norge rent
Treng du råd eller bistand til planlegging i Strandryddeveka? Send ein e-post til: post@holdnorgerent.no