Strandryddeveka 2022

Strandryddeveka 2022

På fredag 9. september startar Strandryddeveka 2022. Strandryddeveka er Noregs største kollektive ryddedugnad og engasjerer mange menneske over heile landet. "Ingen kan gjøre alt, men alle kan gjøre litt" er Rydd Norge si tilnærming til dugnaden og dei understrekar at sjølv små aksjonar bidreg til opprydding.

Når er strandryddeveka?

Du kan rydde heile året, men i 2022 er Strandryddeveka mellom 9. og 18. september. 

Kvar kan du hente utstyr til ryddinga?

Gossen

Du kan hente gratis utstyr (sekkar og hanskar i ulike størrelsar) på

  • Kommunehuset
  • Coop Gossen (frå ca. kl. 15.00 på fredag 9. september)

Fastlandet

Du kan hente gratis utstyr (sekkar og hanskar i ulike størrelsar) på Bunnpris Hollingen frå kl. 17.00 på fredag 9. september.

Refusjonsordningar i samband med Strandryddeveka 2022

Det finns to refusjonsordningar:

  • Hold Norge Rent si refusjonsordning
  • Panteordninga "Stikk UT og plukk!"

Hold Norge Rent si refusjonsordning

Alle som har hatt utgifter i samband med frivillig søppelrydding kan søkje Refusjonsordning for marint avfall.

Søknadsfrist er 15. november 2022.

Les meir om refusjonsordninga og søk refusjon

Panteordningen "Stikk UT og plukk!"

I Nordmøre og Romsdal kan du pante søppel som du har plukka. Det må vere marint avfall i gjennomsiktige posar. Pengane kan gå til lag, foreiningar, klassekassar og andre gode føremål. Det er ikkje krav om registrering i Frivilligregisteret.

Korleis fungerar "Stikk UT og plukk!"?

  • Gå til nettsida stikkutogplukk.no
  • Bestill pantelappar
  • Fest lappane på søppelposane - OBS! Posene må vere gjennomsiktige.
  • Ta bilete av posane med lapp på og send det inn
  • Lever søpla på gjenvinningsstasjonen
  • Pengane kjem inn på kontoen innan nokre dagar

Les meir om Stikk UT og plukk! og bestill lappar

Henting av søppel

Vil du vere med på panteordninga "Stikk UT og plukk!" må du levere søpla på gjenvinningsstasjonen sjølv.

Dersom du ikkje vil vere med på ordninga, kan RIR hente avfallet. Du må i så fall avtale henting med RIR på telefon 71 21 34 50 eller e-post rir@rir.no.

Registrer ryddeaksjonen

Du kan registrere aksjonen på ryddenorge.no, om du ønskjer det. Der finn du også ei oversikt over kva strender som bør ryddast og kva strender som allereie er rydda. Og du kan melde inn strender du veit treng ein dugnad. 

Registrer din ryddeaksjon