Stortingsval 2021 - Frist for partia for å bestille manntal

Stortingsval 2021 - Frist for partia for å bestille manntal

Frist for partia for å bestille eit gratis eksemplar av manntalet er satt til 1. juli 2021.

Alle som stiller liste ved valet, har rett på eit gratis eksemplar av manntalet. Det er eit krav, at manntalet vert bestilt innan fristen som valstyret fastset. Valstyret har i sitt møte 7. juni 2021 vedtatt at denne fristen er 1. juli 2021.

Partia kan også be om oppgåver over bestemte grupper veljarar, som til dømes førstegongsveljarar.

Korleis bestille manntalet?

Partia kan bestille manntalet ved å sende ein e-post til post@aukra.kommune.no.

Bestill manntal

Når er manntalet tilgjengeleg?

Skjæringsdatoen for årets manntal er 30. juni 2021. Det endelege manntalet vil vere klar til utskrift frå ca. midten av juli 2021.

Særutskrift frå møte i valstyret

Du kan lese saksframlegg og vedtak i særutskrifta frå møtet.

Særutskrift for sak PS-11/21 (PDF, 200 kB)