Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Gå til temaside om koronaviruset

Stimuleringstilskot til veterinære tenester i Aukra kommune

Stimuleringstilskot til veterinære tenester i Aukra kommune

No kan dyrehelsepersonell søkje kommunen om stimuleringstilskot for 2021.

Kva er stimuleringstilskot til veterinære tenester?

Stimuleringstilskotet skal bidra til å sikre tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område. Næringssvake område er område der behovet for dyrehelsetenestar ikkje er stort nok til å kunne etablere ein berekraftig veterinærpraksis.

Dei mest aktuelle stimuleringstiltaka er etaberlingstilskot og driftsstønad, men også andre stimuleringstiltak kan vere aktuelle.

Veterinærane sine søknadar som kjem inn til kommunen vil vere grunnlag for kommunen sin søknad om økonomisk ramme frå Statsforvaltaren. Det er difor viktig at veterinærane engasjerer seg og søkjer i tråd med formålet med ordninga.

Kven kan søkje om stimuleringstilskotet?

  • Veterinærar som yter veterinære tenester på dagtid i kommunen kan søkje om stimuleringstilskot.
  • Du må bu eller arbeide i Aukra kommune.
  • Frå 2021 blir det stilt vilkår om vaktdeltaking i den kliniske veterinærvakta for utbetaling av stimuleringstilskotet.

Korleis søkje om stimuleringstilskotet?

  • Det er ikkje eige søknadskjema for stimuleringstilskotet.
  • Du kan sende din søknad til Aukra kommune, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no.

Frist for søknad  om stimuleringstilskotet

20. februar 2021

Kor lang tid tek det?

Søknadene frå veterinærane vil bli behandla etter at Aukra kommune har fått tildelt ramme frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i juni 2021.

Har du spørsmål?

Du kan ta kontakt med vår miljørådgjevar Torill Einara Nerbøvik.

Kontakt Torill Einara Nerbøvik