StikkUT!-sesongen 2023 startar 1. maiMåndag er det 1. mai og oppstart av ny StikkUT-sesong. I Aukra kommune har vi 13 StikkUT!- turmål som ventar på deg. Sesongen varar frå 1. mai til 31. oktober og turkartet kjem i postkassa di før 1. mai 2023. Aukra har lenge vore ein av dei mest engasjerte kommunane i fylket når det gjeld prosentvis deltaking blant innbyggjarane. Kan vi gå til topps i år? Bli med du også! Mange fine turar og 13 postar i Aukra i år - både i Julsundet, på Gossen og Orta. OBS! Opning av Eidskremheia vert utsett til 14. mai grunna snøforhold. Årets turmål i Aukra Aukra kyststi, Gossen Aukraskogen, Gossen Brenslen, Gossen (ny) Eidskremheia, Julsundet Fangholsetra, Julsundet Gammelsetra, Julsundet (ny) Halingshaughola, Gossen Hundetjønna, Julsundet Jærmannburet, Gossen Kleivhaugen, Gossen (ny) Purkeneset, Gossen Rambjøra, Orta Riksfjordremma, Gossen Sjekk ut alle StikkUT!-turar for 2023 Publisert 26.04.2023 13.03 Sist endra 23.04.2024 08.30