StikkUT!-sesongen 2021 startar 1. mai

StikkUT!-sesongen 2021 startar 1. mai

1. mai startar ny Stikk UT!-sesong. Lurer du på kva Stikk UT! er? Da kan det være lurt å lese informasjonsbrosjyra med kart som du har fått i posten. Du finn både brosjyre og kart også i denne artikkelen.

StikkUT!-turar i Aukra kommune 2021

  1. Aukra kyststi - Gossen
  2. Berghaugen - Gossen
  3. Eidskremheia (opnar 12. mai) - Julsundet
  4. Fangholsetra - Julsundet
  5. Gossen flyplass - Gossen
  6. Hundetjønna - Julsundet
  7. Jærmannburet - Gossen
  8. Rambjøra - Orta
  9. Ridderhaugane - Gossen
  10. Riksfjordremma - Gossen
  11. Svartnakken - Julsundet

Ikke alle turmåla opnar 1. mai

Grunna masse snø i fjellet, vil ikkje alle turmål opne 1. mai. I Aukra kommune vil Eidskremheia opne først 12. mai.

StikkUT!-App

Prøv også ut den nye StikkUT!-appen som du kan laste ned i App Store eller Google play. Appen erstattar Morotur-appen.

Korleis opprettar eg ein brukar i appen eller på stikkut.no?

Kontakt i Aukra kommune

Det er folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy som organiserer Stikk UT! i Aukra. Ho samarbeider òg med lag og organisasjonar i kommunen.

Kontakt Tove Carlotte Æsøy

StikkUT!-brosjyre og kart for 2021

Brosjyre for StikkUT! 2021 (PDF, 6 MB)

Kart for StikkUT! 2021 (PDF, 10 MB)