Sprenging og anleggsarbeid nær turstien til ØrnehaugenInformasjon om sprenging og anleggsarbeid – og påvirkning for tursti til Ørnehaugen I samband med planlagt arbeid på Nyhamna, vil turstien til Ørnehaugen i periodar vere stengd for ferdsel. Arbeidet som vert utført er sprenging og anleggsarbeid i området nær turstien. Dette arbeidet er knytt til Ormen Lange fase 3, som krev etablering av ein kabeltrasé frå anlegget til sjøen. På land betyr det i første fase grunnarbeider med sprenging og massetransport – og arbeidet starter i veke 47 i slutten av november og vil strekke seg gjennom første halvår 2022. Arbeidet vil bestå av om lag to sprengingar per vekedag. Sprengingane vert sjølvsagt varsla med sirener i forkant, og turstien til Ørnehaugen vert stengd for ferdsel i begge retningar i korte periodar mens sprengninga pågår. Sist endra 22.11.2021 09.34