Sommarjobbar 2022 for 10. klassingar

Sommarjobbar 2022 for 10. klassingar

Er du 10. klassing og etter utkikk på sommarjobb? Aukra kommune lyser no ut ein del sommarjobbar til ungdom.

Informasjon om sommarjobb

  • Tilbodet er til dei som går ut av 10. klasse
  • Du får tilbod om jobb i 14 dagar
  • Løn etter tariff

Kva for sommarjobbar har vi?

Vi har ledig sommarjobb på forskjellige einingar i kommunen vår. I lista under kan du sjå, kor det er jobbar ledig og når. Du finn også namn og telefonnummer til ein kontaktperson, dersom du lurer på noko.

Korleis kan eg søkje på sommarjobb?

Alle elevar i 10. klasse har fått utdelt informasjon om sommarjobb. For å søkje må du sende ein søknad per e-post til din rektor. Det er ei fin øving, der du får erfaring korleis det er å søkje på ein jobb og gå på eit intervju. 

  • Skriv kor du ønskjer å jobbe.
  • Skriv litt om deg sjølv og kvifor du bør få denne jobben.

Du er elev på Gossen barne- og ungdomsskole

Du sender din søknad til Heidi Falkhytten, e-post heidi.falkhytten@aukra.kommune.no 

Du er elev på Julsundet skole

Du sender din søknad til Terje Gundersen-Røvik, e-post terje.gundersen-rovik@aukra.kommune.no 

Frist for søknad

Frist for å søkje er torsdag 12. mai 2022.