Søknad om konsesjon for straum til Ormen Lange feltet - kunngjering om søknad og offentleg ettersyn

Søknad om konsesjon for straum til Ormen Lange feltet - kunngjering om søknad og offentleg ettersyn

Norske Shell AS søkjer om å føre straum ut til gassfeltet Ormen Lange fase 3 for å oppretthalde og auke gassproduksjonen på feltet.

Kunngjering om søknad

Norske Shell AS søkjer etter energilova § 3-1 om å få byggje og drive ein ny frekvensomformarstasjon ved dei eksisterande anlegga deira på Nyhamna, og å leggje to om lag 550 meter lange 45 kV jordkablar i same trasé frå stasjonen til landfall mellom Grynnvika og Futvika. Vidare frå landfall søkjer dei om å leggje to om lag 24 km lange 45 kV sjøkablar i same trasé frå landfall til norsk grunnlinje.

Frå grunnlinja til Ormen Lange-anlegga på havet, søkjer Norske Shell AS etter havenergilova § 3-2 om å få byggje og drive to om lag 95 km lange 45 kV sjøkablar i same trasé. Dei søkjer òg om naudsynte transformatoranlegg på anlegga på havet.

Norske Shell AS søkjer òg om oreigningsløyve etter oreigningslova § 2 punkt 19 for naudsynte grunn og rettar. Det vert samstundes søkt om førehandstiltredning etter same lov § 25, slik at arbeida med anlegga kan starte før skjøn er halde.

Saksgang

Etter instruks frå Olje- og energidepartementet handsamar NVE søknaden etter både energilova og havenergilova.

Aukra kommune er plikta å gjere innbyggjarane kjent med søknaden. 

Offentleg ettersyn

  • Høyringsfrist vart utvida til 27. april 2021.
  • Du  kan sende ditt innspel på e-post til nve@nve.no eller per brev til NVE, postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.

Følgjebrev frå NVE (PDF, 586 kB)

Les søknaden og sjå saksgang på NVE sine sider