Søk midlar frå Småtiltakspotten til GassROR IKS - Andre søknadsrunde

GassROR IKS set av 3 millionar kroner til aktivitet og utviklingstiltak for lag, foreiningar og organisasjonar i 2023. Det vil bli vektlagt eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar.

Den andre av tre søknadsrundar har søknadsfrist 1. april 2023 kl. 12.00. Søknadane vert behandla innan utgangen av april 2023.

Kva meines med Småtiltak?

Småtiltak er mindre tiltak der lag, foreiningar og organisasjonar kan søkje om stønad på inntil 50.000 kroner. Støttesummen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

For prosjekt på inntil 3 år er det mogleg å søkje om stønad på inntil 150.000 kroner, der støttesumen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

Kven er målgruppa for Småtiltakspotten?

Målgruppa er lag, foreiningar og organisasjonar i Molderegionen (Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes). Det blir ikkje gitt stønad til bedrifter eller privatpersonar, ei heller til ordinær drift av lag og foreiningar.

Aukar frå 2 til 3 søknadsrundar

Styret i GassROR IKS har ønskt å auke frå to til tre søknadsrundar. Dette for å gi fleire moglegheiter til å søkje midlar.

I fjor blei det også sett av 3 mill. kroner til Småtiltakspotten. Og etter to rundar, der det blei gitte tilsegn om stønad for 1,34 mill. kroner, så var det altså ein rest på 1,66 mill. kroner. I år er det derfor eit mål for GassROR IKS sitt styre å yte tilsegn for heile potten på 3 mill. kroner.

Tre søknadsfristar

I år er det tre søknadsfristar:

  • 1. februar (innan kl. 12.00) - søknadane blir behandla innan utgangen av februar.
  • 1. april (innan kl. 12.00) - søknadane blir behandla innan utgangen av april.
  • 1. september (innan kl. 12.00) - søknadane blir behandla innan utgangen av september.

Slik søkjer du

Elektronisk søknad om midlar frå Småtiltakspotten finn du på GassROR IKS si nettside.

Alle søknader skal innehalde:

  • Namn (på ansvarleg kontaktperson)
  • Lag/foreining o.l. (namn, ev. org. nummer, adresse, e-post og telefonnummer for kontakt).
  • Kort omtale av tiltaket.
  • Tid for planlagd oppstart og avslutta tiltak.
  • Budsjett med kostnader og inntekter.
  • Evt. tilleggsopplysingar (f.eks. tilrådingsbrev, samarbeidspartnarar o.l.).

Les meir om Småtiltakspotten på nettsidene til GassROR IKS.

Kontaktinformasjon Småtiltakspotten

Arnt Sommerlund, daglig leder GassROR IKS