Sjøarealplan for Aukra og Hustadvika kommunar - Invitasjon til webinarArbeidet med sjøarealplanen går jamt og trutt framover. Planprogrammet vart godkjent i begge kommunestyra på deira respektive møte den 19. mai 2022. Invitasjon til webinar Neste bolk i planarbeidet er innspelsfase. Arbeidet startar opp med eit webinar den 23. juni. Invitasjon er sendt til circa førti næringsaktørar, organisasjonar, forvaltingsorgan og nabokommunar. Også andre interesserte er velkomne til å bli med på webinaret. Dato: Torsdag 23. juni 2022 Tid: kl. 9.00-11.30 Tema Tema for møtet er orientering om planarbeidet og presentasjon av ein kartportal. Portalen skal bli brukt for å sende innspel om ny arealbruk eller endra/utvida bruk av tidlegare bruksløyve. Han kan også bli brukt til ønske om særbruksformål, til dømes friluftsformål, vern og meir. Høyringsfrist blir fastsett etter webinaret etter innspel frå deltakarane. Fristen vil bli kunngjort til inviterte møtedeltakarar og på kommunen si heimeside. Vel møtt! Sist endra 01.09.2023 13.43