Sjåast vi på digital kafé?Aukra kommune og Aukra pensjonistlag har i samarbeid opna tilbodet «digital kafé» med det mål om å førebygge digitalt utanforskap. Kvar tysdag frå kl. 18.00 til kl. 20.00 fram til 13. desember 2022 er det opent for alle som ønsker å lære meir om korleis navigere i den digitale verda. Tilbodet held til på Soltun Scene på Aukra kulturhus, og har svært låg terskel: det er ingen påmelding, og alle kan komme og gå som dei vil. Vi har hatt to kafékveldar hittil, og tilbodet vart varmt teke i mot av brukarane. Det var høgt oppmøte av både besøkjande og frivillige frå kommunen, og stemninga har vore god rundt borda. Aktuelle tema er alt frå å laste ned appar, opprette e-postadresser, navigere mellom fanar i nettlesar og til korleis bruke word på iPad. Her er det brukarane som legg premissane. Sjåast vi neste tysdag? Sist endra 21.10.2022 15.43