Situasjonen på Nyhamna

Mange kjenner sikkert på ei uro rundt det som skjer i Europa og spesielt etter det som skjedde med gassrøra Nord Stream i Østersjøen. Det er no auka merksemd i media rundt ilandføringsanlegget på Nyhamna.

Leiinga i Aukra kommune føljar tett med på situasjonen i vår kommune. Vi stoler på at både Gassco og Shell handterer situasjonen på ein god måte. Dei har no jamleg kontakt med ordførar Odd Jørgen Nilssen, og delar det dei kan av vurderingar og tiltak.

Sikkerheita på anlegget er skjerpa, og vi er trygg på at aktørane held tett og god kontakt med dei delane av norske myndigheiter som vurderer truslar og sikkerheit. Politiet har orientert om at det vil vere meir synleg politi på Gossen og Nyhamna. Dei har også bede heimevernet om hjelp med vakthald rundt anlegget på Nyhamna. I tillegg har Kystverket og Forsvaret/Kystvakta skjerpa beredskap frå sjøsida.

Vi har full forståing for at mange kjenner på ei uro no. Vi vil likevel oppfordre våre innbyggarar til å ikkje bekymre seg for mykje, og ha tillit til dei mange som no gjer ein jobb med å passe på sikkerheita vår, både i vår kommune og i landet.

Ordførar Odd Jørgen Nilssen og kommunedirektør Gerd Marit Langøy