Rydd til 17. mai-aksjonen

Bli med og rydd til 17. mai. Gratis utstyr får du på kommunehuset og Extra-butikkane i Hollingen og på Gossen.

Kvar skal eg rydde?

Hold Norge Rent oppfordar til rydding i tettstadar og naturen - der du tenker det trengs ei god opprydding. Hugs at hekketida har starta - ta hensyn til fuglelivet og rydd i område utan å forstyrre hekkande fuglar.

Utstyr til rydding

Hugs at du kan vaske hanskane på 40 grader og bruke dei igjen og igjen. 

Gossen

Du kan hente gratis utstyr (sekkar og hanskar i ulike størrelsar) på

  • Kommunehuset
  • Extra Gossen

Julsundet

Du kan hente gratis utstyr (sekkar og hanskar i ulike størrelsar) på Extra Hollingen.

Kva skal eg gjere med avfallet?

Mindre mengder søppel som får plass i eigen dunk for restavfall kan du kaste på vanleg måte saman med hushaldningsavfallet. Om det er større mengder søppel kan du levere avfallet gratis på gjenvinningsstasjonane til RIR. Ta sjølv kontakt med RIR om det er ønskeleg å avtale henting av avfallet. 

Finn gjenvinningsstasjon

Ta kontakt med RIR

Refusjonsordning Stikk UT og plukk!

Det er framleis mogleg å samle inn pengar til lag og organisasjonar ved å nytte panteordninga Stikk UT og plukk. Hugs at dette gjeld berre søppel frå strender eller i og rundt vassdrag.

Les meir om ordning Stikk UT og plukk.

Rydde - Appen for alle som ryddar

Rydde er eit digitalt verktøy som gir deg oversikt over frivillig rydding i Noreg. I Rydde kan du mellom anna melde deg på andre sine ryddeaksjonar, registrere det du ryddar og melde inn forsøpla område.

Les meir om Rydde og last ned appen

Hald Noreg Reint

På holdnorgerent.no kan du lese meir om forsøpling, nasjonale ryddedugnadar og andre aktuelle tema.