Resultat frå TV-aksjon 2022

På søndag 23. oktober var bøsseberarane på tur i kommunen vår. Fekk du ikkje gjeve? Du kan framleis gje eit bidrag til årets TV-aksjon.

Bøsseberarane har vore på tur på både Orta, Gossen og i Julsundet. Det vart samla inn 99 321 kr i bøssene på aksjonsdagen. Til saman er det samla inn 196 341 kr i Aukra kommune per 24. oktober.

Se resultatet for Aukra

Du kan fortsatt gje

Du kan gje eit bidrag til TV-aksjonen ut året - på tre forskjellege måtar:

  • Vipps til 2133
  • Send SMS med kodeord TVA til 2133 (300 kr)
  • Overføre til TV-aksjonskonto 8380 08 09005

Takk til alle

Aukra kommune ønskjer å takke alle som har gjeve eit bidrag til årets aksjon - og ikkje minst bøsseberarane som har gått frå dør til dør i kommunen vår.