Reguleringsplan Hollingen - melding om oppstartFrist for merknadar: 9. desember I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, og kommunen sitt delegeringsreglement punkt 18.1, varslar Aukra kommune at det vert starta arbeid med reguleringsplan for Hollingen industriområde. Du finn alle saksdokument i tabellen nedst i artikkelen. Eventuelle merknadar til oppstartsmeldinga skal sendast kommunen innan 09.12.2018, og vi ber om at du nyttar funksjonen «send ein uttale til planen" i kommunens planportal, der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg. Sist endra 19.06.2019 13.59