Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Aukra kommune ventar med vidare vaksinering med AstraZeneca til FHI og legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Gå til temaside om koronaviruset

Råd for påska 2021

Råd for påska 2021

Utdrag frå Regjeringa sine smitteverntiltak gjeldande frå 25. mars 2021.

 Sosial kontakt

  • Ein-meteren blir no til to-meteren. Hald 2 meter avstand til andre der det er mogeleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur aleine. Dette vil ikkje gjelde for helsetenesta,barnehagar og skular, eller andre tenester for sårbare grupper der det i praksis kan hindre normal drift av tenestene.(nytt)
  • Bruk munnbind når det ikkje er mogeleg å halde avstand. (nytt)
  • Vi tilrår maks. to gjestar på besøk. Ha helst kontakt med dei same over tid. (nytt)
  • Alle arrangement som det ikkje er absolutt nødvendig å gjennomføre, bør utsetjast. (nytt)
  • Du bør avgrense sosiale kontaktar mest mogeleg. (nytt)

Handling

  • Vi tilrår folk å berre nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.

Reiser

  • Reiser til utlandet blir frårådt.
  • Unngå unødvendige reiser innanlands.
  • Ein kan reise på hytta eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogeleg.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strengje tiltak bør som ein hovudregel følgje tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.

Arbeidsplassar

  • Heimekontor for alle som har høve.
  • Arbeidsgivar skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogeleg. (nytt)

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei er unnateke frå tilrådinga om avstanden om ein meter når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.
  • Barn og unge under 20 år kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar på slike arrangement. Utandørs er grensa 50, det inkluderer utøvarar, trenar, dommarar og eventuelle tilskodarar. Dersom barn og unge trenar med eit idrettslag i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette idrettslaget så lenge smittesituasjonen tillèt det.
  • Barn og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region der region blir brukte som geografisk inndeling
  • Utandørs kan vaksne drive organisert trening dersom det er mogeleg å halde god avstand.
  • Toppidrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.
  • Toppidrettsarrangement tillaten sin, med unnatak av seriespel som framleis blir utsett tilrådd i toppidretten. Det gjeld også treningskampar mot andre lag utanfor eigen klubb. Dette gjeld også i idrettar som er utanfor sesong, medrekna fotball. Det blir tilrått framleis utsett for å avgrense mobilitet og sosial kontakt.

Høgare utdanning

  • Lokale ved universitet, høgskular og fagskular blir haldne stengde for elevar og studentar, slik at undervisinga skjer digitalt. Bibliotek og lesesalar kan halde ope. (nytt)
  • Institusjonane kan gjere unnatak frå stenging dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengig av forsøk eller "ferdighetstrening" som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjonen i studiet. (nytt)

 

Påskeråd på engelsk og andre språk.

Les meir om Regjeringa sine tiltak på kommunen si heimeside.