Program for Aukradagen 2019

Program for Aukradagen 2019

Aukradagen er på nytt klar til å kunne bli gjennomført, som eit samlande trivselstiltak og fellesskapsarrangment for kommunen sine innbyggarar, tilreisande og besøkande. 

I år flytter vi scene, frukosttelt og aktivitetar til området ved Gossen barne- og ungdomsskole. Vi startar som vanleg med den tradisjonelle frukostserveringa, som markerer starten på årets Aukradag. 

Velkommen til ei triveleg helg!

Klassisk konsert på fredag 14. juni

Dato, tid og stad

  • Dato: Fredag 14. juni 2019
  • Tid: kl. 19.00
  • Stad: Aukra kyrkje

Billettar og pris

  • Billettpris kr 150,-
  • Barn under 16 år gratis

Billettar vert selt i døra. Du kan betale kontant eller med Vipps til 79438

Medverkande

  • Hanne Korsbrekke Askeland, sopran
  • Sharleen Clapperton, fiolin
  • Tuva Halse, fiolin
  • Jasmina Zivic, fløyte
  • Robert Coates, kyrkjeorgel
  • Asgeir Hoffart, piano
  • Aukra kammerkor

Aukradagen - Marknadsdag på laurdag 15. juni

Dato, tid og stad

  • Dato: Laurdag 15. juni 2019
  • Tid: kl. 10.00 - 16.00
  • Stad: Falkhytten sentrum

Program

Program for Aukradagen

Program på utescena

Her kan du sjå kven som skal opptre på utescena.

Program på utescena

Aukradagen - Konsert og diskotek for ungdom på laurdag 15. juni

Dato, tid og stad

  • Dato: Laurdag 15. juni 2019
  • Tid: kl. 21.00 - 01.00
  • Stad: Storsalen på Riksfjord

Billettar og pris

Gratis inngang.

Kva skjer?

På konserten får du oppleve mange av våre talentfulle Aukra-ungdommar. Det blir variert musikk og god stemning.

  • Arrangementet er alkoholfritt
  • Kiosksal

Aldersgrense

Frå 9. klasse og oppover.

Sjøsporstdagen på søndag 16. juni

Dato, tid og stad

  • Dato: Søndag 16. juni 2019
  • Tid: kl. 13.00 - 16.00
  • Stad: Aukra småbåthamn, Ragnalunden

Kva skjer?

Tradisjonen tru vert Sjøsportsdagen arrangert søndag etter Aukradagen. Alle aldersgrupper kan bli med på kjekke aktivitetar både i hamna, på fjorden og på land.

Gossen Idrettslag stillar opp med kafé, der du kan kjøpe deg noko godt å ete og drikke.

Om du vil utfordre deg sjølv og andre, kan du melde deg på ro-konkurranse eller palleløp. Du kan melde deg på konkurranse ved å sende ein e-post til Jens Petter Kjøll.

Meld deg på konkurranse

Brosjyre

Alle husstandar i Aukra kommune har fått tilsendt årets brosjyre. Trykk på knappen nedanfor for å lese den digitale utgåve.

Brosjyre for Aukradagen 2019