Program for 17. mai-feiring 2021 i Aukra

Program for 17. mai-feiring 2021 i Aukra

Også i år vert det ei annleis feiring av 17. mai i Aukra.

Gudsteneste og kranspålegging

  • Kl. 10.00 Gudsteneste i Aukra kyrkje
  • Kl. 10.50 Kranspålegging ved minnestøtter. Gossen musikkorps og Gossen skolekorps spelar

For nærmare informasjon om gudstenesta, sjå kyrkja si side

Bilkortesje på Gossen

Også i år håpar vi at bedrifter og privatpersonar vil delta med bil/lastebil som er 17.maipynta.

  • Kl. 12.00 Avgang frå Aukra omsorgssenter
  • Rute: Bukta- Aukrasanden- Tangen- Småge-Rød-Løvika-Eikrem-Falkhytta.

Publikum kan sjå kortesjen frå verandaen eller langs ruta. Premie til best pynta bil. Ver kreativ!

Påmelding til bilkortesje

Meld deg på innan fredag 14. mai kl. 18.00 til Nina Marken på e-post nina.marken@aukrapolitikar.no 

Korpsmusikk

Det kan bli korpsmusikk forskjellige plassar rundt om 17.mai, men det vert ikkje annonsert på førehand. Her må du følge med!

17. mai-film

17.mai-feiringa i Aukra vert presentert i ein film du kan sjå 17.mai frå kl. 13.15:

I filmen får du sjå litt av dei tradisjonelle innslaga på 17.mai:

  • Kransenedlegging og innslag frå Aukra kyrkje
  • Tale av kommunedirektør Ingrid Husøy Rimstad, leiar i ungdomsrådet Amalie Fanghol, ungdomstalar Ingeborg Hoksnes Olsen frå Gossen og Magnus Veierland i Julsundet