Informasjon frå kommunen

Pleie- og omsorgstenesta gjennomfører ei brukar- og pårørande-undersøking hausten 2020

Pleie- og omsorgstenesta gjennomfører ei brukar- og pårørande-undersøking hausten 2020

Pleie og Omsorg ønskjer å få svar på kva som er brukeropplevd kvalitet på tenesta.

Om undersøkinga

Vi vil nytte ei standardisert undersøking gjennom bedrekommune.no som er utarbeidd av KS. Dette er ei undersøking som fleire kommunar nyttar, slik at vi kan samanlikne resultata våre med tilsvarande tenester i andre kommunar.

Undersøkinga vil bli gjenteken kvart andre år, slik at vi kan sjå om det er endring i resultata.

Etter undersøkinga vert resultata gjennomgått, og det vert laga ein handlingsplan for å auke kvaliteten på dei områda, der vi skårar lågt.

Praktisk gjennomføring av undersøkinga

Undersøkinga er i utgangspunktet elektronisk og vert sendt ut på e-post. For dei som ikkje er i stand til å nytte dette, vil tenesta leige inn ein uavhengig aktør/person som kan hjelpe enkeltpersonar med registrering.

Undersøkinga vert gjennomført for eit utval personar i institusjon, heimeteneste og tiltak for funksjonshemma. Utvalet vert danna ut frå bestemte kriteria. Les meir om kriteria i dokumentet "Kvalitetskartlegging av kommunale tjenester".

Kvalitetsområda som vert undersøkt

Resultat

Prosess

Struktur

Trivsel

Brukermedverknad

Tilgjengelighet

 

Respektfull behandling

Informasjon

 

For å sjå heile prosessen for gjennomføring av undersøkinga sjå dokumentet "Kvalitetskartlegging av kommunale tjenester".