Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Pårørandeskole våren 2022 - For pårørande til personar med demenssjukdom

På kurset får du kunnskap om demens, du treff andre pårørande i same situasjon og møter fagpersonar med kompetanse på området.

Om pårørandeskolen

Pårørandeskolen er eit gratis kurstilbod til deg som har eit familiemedlem, eller ein nær ven, med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege forelesningar, plenums- eller gruppesamtalar får du kunnskap kring demens, og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og familien. Du treff andre i same situasjon, og fagpersonar med kompetanse på området.

Pårørandeskolen skal:

  • Gje pårørande til personar med demenssjukdom auka kunnskap og forståing
  • Betre kvaliteten på samværet med den sjuke, både heime og på institusjon
  • Gje eit grunnlag, slik at pårørande betre kan handtere sin situasjon i forhold til familie og vener
  • Gje kunnskap om lovar og rettar
  • Gje kunnskap om korleis ein kan samhandle med det offentlege tenesteapparatet

Dato, tid og stad

  • Dato: Fem kveldar i tidsrommet 8. mars - 4. april 2022 (for konkrete datoar, sjå program)
  • Tid: Kl. 17.30-20.00
  • Stad: Aukra omsorgssenter

Program

Vi serverer mat, kaffi og te.

Påmelding

Du kan melde deg på ved å ta kontakt med vår demenskoordinator Merete Lofstad.

Kontakt Merete

Frist

Frist for påmelding er fredag 4. mars 2022.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.