Pårørandehjelp

Pårørandehjelp

Heimetenesta ønskjer ein dialog med pårørande til personar som mottek  praktisk bistand og enklare hjelpetiltak, om mulegheiten for å hjelpe til. 

Heimetenesta i Aukra er i ein ekstraordinær situasjon som følgje av Koronaviruset.

Ein ønskjer derfor ein dialog med pårørande til personar som mottek  praktisk bistand og enklare hjelpetiltak, som ein ikkje treng særskild fagkompetanse for å utføre. Dette for å kartlegge kva oppgåver pårørande kan utføre hos sine for ei periode om vi skulle kome i ein situasjon der det vert naudsynt.

Ta kontakt med avdelingsleiar Malene Lillebostad på telefon 928 19 311 dersom du har moglegheit til å bidra.