På tide å bytte ut røykvarslarane dine?

På tide å bytte ut røykvarslarane dine?

Røykvarslarar bør bli bytta ut etter 8-10 år. Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er? Byt batteri og test røykvarslarane på Røykvarslardagen 1. desember.

Elektronikken i røykvarslarar blir forringa over tid. I tillegg kan evna til å detektere røyk bli redusert som følgje av at støv og smuss samlar seg opp i løpet av åra.

- Røykvarslarar bør normalt bli bytta ut etter at du har brukt dei i 8-10 år. Du bør derfor sjekke kor gamle røykvarslarane dine er og vurdere om det er på tide å bytte dei ut. Produksjonsdatoen finn du på baksida av røykvarslaren, seier leier førebyggjande avdeling Nordmøre og Romsdal brann og redning Jon Børge Horneland.

Test røykvarslaren

Når du har bytta ut røykvarslar eller skifta batteri, må du kontrollere den ved hjelp av røykvarslaren sin testknapp, slik at du veit at den verkar. Røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søppla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar eller på den lokale gjenvinningsstasjonen din.

Kople røykvarslarane saman

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar varslaren si levetid.

- Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samtidig ved brann. Dette er med på å sikre tidleg varsling og kan gi deg verdifull tid til å evakuere, for eksempel dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Horneland.

  

 

 


Ta med barna

Mange tenkjer at brannar ikkje kan skje skje i eigen heim, men det kan brenne heime hos alle. Ein må vere sin eigen brannsjef og førebyggje brannar gjennom brannvern og opplæring.

- Ein fin aktivitet i desember kan vere å ta med heile familien på leting etter gode rømningsvegar, sjekke røykvarslarar og kontrollere brannslukkaren. Familiar bør også prate om kva ein skal gjere dersom ein høyrer røykvarslaren pipe og avtale ein felles oppmøtestad utanfor huset, seier Horneland.

Røykvarslardagen 1. desember er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.