Oppstart av ny legevaktsordning for Aukra og tidlegare Midsund kommune

Oppstart av ny legevaktsordning for Aukra og tidlegare Midsund kommune

Måndag 10. februar startar ny legevaktsordning for Aukra og tidlegare Midsund kommune.

Når er det tid for oppstart? 

Måndag 10. februar startar ny legevaktsordning for Aukra og tidlegare Midsund kommune. Då vil det ikkje lengre vere ein lege på vakt lokalt på ei av øyane men legevakta blir flytt til Molde. Personar med behov for legetilsyn må då anten måtte reise til Molde, eller vil få konsultasjon med lege på video, med sjukepleiar til stades. Ambulansetenesta fungerer helt som før, og er det nødvendig, vil legevaktslege frå Molde rykkje ut til øyane. 

Kva med Rauma og Sunndal? 

Etter innspel frå legane har vi valt å utsetje oppstart av sentralisert legevakt og videolegevakt i Rauma og Sunndal for å gi oss litt betre tid i oppstarten. Sunndal startar frå 1. mai og Rauma forventar vi startar opp i løpet av hausten. 

Korleis skal du ta kontakt med legevakta? 

Fyrst og fremst: Dersom det er alvorleg og akutt så ring 113! 

  • Daglegevakt Aukra legekontor kl 8-16 alle kvardagar.
  • Etter kl 16 alle kvardagar, helg- og høgtidsdagar skal du kontakte legevakta i Molde. 

Elles er det akkurat som før: Ring 116117 og snakk med sjukepleiaren der. Då blir det teke vedtak om eventuell konsultasjon, kvar og når. Ein konsultasjon på video skjer på den lokale sjukeheimen i eit eige videolegevakt-rom. Legen i Molde samtaler med og undersøkjer pasienten med elektronisk utstyr med assistanse frå lokal sjukepleiar. På videolegevakta kan det takast testar og blodprøvar og ein kan få medisinar. Dersom det er nødvendig å kome til Molde på natt, er det sett opp beredskapsferje som kan ta med privatbil, drosje eller ambulanse. 

Kva skjer etter konsultasjon på legevakta? Korleis skal folk kome seg heim på natta? 

Regelverket for å få beredskapsferje eller drosje heim etter legevaktbehandling, er blitt veldig innskjerpa av Stortinget, og skal berre skje når det er nødvendig av helsemessige grunnar. Dei som ikkje har ordna seg med eigen skyss heim, må vente ein stad i legevakta sine lokale til det går buss og ferje. Dei kan også få tilskot på 598 kr frå Pasientreiser til overnatting på hotell. 

Dette er eitt pilotprosjekt - kva betyr det? 

At dette er eit pilotprosjekt betyr at det er ei prøveordning som Helsedirektoratet har bedt oss om å gjere. Vi skal sjå om denne måten å organisere legevakt på gir gode legevaktstenester til befolkninga samtidig med at fastlegane blir brukte i vakt på ein betre måte. Derfor blir Molde Interkommunale Legevakt fulgt av fleire forskingsprosjekt. Eit tilsvarande pilotprosjekt skjer i Sunnfjord og Ytre Sogn Legevakt, og dei har så langt berre har gode erfaringar med videolegevaktkonsultasjonar gjort på denne måten.