Oppstart av historielag i Aukra

Oppstart av historielag i Aukra

Er du opptatt av Aukra si historie? No kan du vere med i Aukra historielag.

Aukra kommune støttar initiativ til å starte historielag i Aukra.

Har du lyst til å:

  • Lære om historia til folket i kommunen, bygda di eller familien din?
  • Vite meir om korleis arbeidet i Aukra historielag blir organisert i grupper med felles interesseområde?
  • Vere med og starte eit nytt historielag i Aukra?

Møt opp på Aukra folkebibliotek

  • Dato: Onsdag 10. april 2019
  • Klokkeslett: Kl. 19.00

Asbjørn Windstad orienterer rundt oppstart av nytt historielag.

Du får også høyre arkeolog Torill Einara Nerbøvik fortelje om utgravinga av bunkersane på Tangen. Området er no lukka og ikkje tilgjengeleg lenger, men Torill viser bilete og film.