Oppdatert informasjon om tiltak i Aukra kommune grunna covid-19

Oppdatert informasjon om tiltak i Aukra kommune grunna covid-19

Nye lokale tiltak frå veke 4.
Ny informasjon frå 26. januar for Gossen barne- og ungdomsskole. 

Aukra kommune held seg til sentrale pålegg og anbefalingar gitt av Regjeringa, og anbefalingar gitt av vår eigen kommuneoverlege.

Les meir om nasjonale tiltak på Regjeringa si heimeside: Lette av nasjonale tiltak. Dei nasjonale tiltaka er gjeldande frå 14. januar. 

Om karantene (gjeldande frå natt til 26. januar)

Frå midnatt kan husstandsmedlemer teste seg ut av smittekarantene ved bruk av heimetest dagleg i 5 døgn frå siste nærkontakt med isolert person, eller i 11 døgn dersom ein ikkje kan halde avstand. I tillegg til dagleg testregime blir det også råda til å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og unngå store samankomstar og arrangement i 10 døgn. Tilrådinga om munnbind gjeld ikkje elevar under 12 år, eller elevar over 12 år når dei er på skolen.

Kommunen har ikkje motteke tal på kor mange heimetestar vi vil motta, og må derfor prioritere utlevering av testane der det er størst behov for å hindre smittespreiing.

Ved symptom skal ein framleis vere heime og teste seg ved teststasjonen.

Ta kontakt med koronakontakten dersom ein hurtigtest viser positivt.

Det blir jobba med å få på plass eit sjølvregistreringssystem for positive heimetestar. Desse vil ikkje inngå i koronasertifikatet på helseNoreg.

Les meir om dette på Regjeringa si nettside. 

Barnehage, skole og vaksenopplæringa

Barnehage

Barnebo barnehage

  • Går frå raudt til gult nivå frå måndag 24. januar
  • Opningstida er mellom kl. 08.00 til 15.30. 

Bergetippen barnehage

  • Gult nivå.
  • Ordinær opningstid.

Skole

Gossen barne- og ungdomsskole:

  • Skolen har framleis gult nivå, men går over til grønt nivå frå veke 5.
  • 10. klasse har heimeskole måndag, onsdag og fredag i veke 4. Dette grunna bemanningssituasjonen. 
  • SFO har redusert opningstid frå måndag 17. januar.
    • Opningstida er frå kl. 08.00 til 15.30. 
  • Elevane går over til testing 3 gonger per veke frå i dag (26.01). 
    • Elevar som ønskjer å teste seg heime, får med seg testutstyr frå skolen. Det er sendt ut eigen melding frå skolen om dette. . 

Julsundet skole: 

  • Skolen har grønt nivå.

Vaksenopplæringa

  • Vaksenopplæringa har raudt nivå og er stengt frå måndag 17. januar og ut veke 4.  

Pleie- og omsorg

  • Besøkande må registrere seg ved besøk, og må opphalde seg på rommet til bebuar.
  • Besøkande må bruke munnbind i fellesareala.
  • Besøkande skal ikkje komme på besøk om dei har symptom.
  • Nærkontaktar som bur samen med nokon som har testa positiv, og ikkje kan overhalde isolasjon i heimen, skal framleis ha karantene i 10 dagar med moglegheit til å teste seg ut av karantene på dag 7 (lokal regel basert på anbefaling frå kommuneoverlegen – gjeld berre pleie- og omsorg).

Nærkontakt

Om nærkontakt, karantene og isolasjon.

Vaksinering

Om vaksinering dose 3 og barn mellom 12-15 år 

Kontakt med saksbehandlar på kommunehuset

Kommunehuset er ope frå kl. 10.00 – kl. 14.00 og telefontid er mellom kl. 09.00 - kl. 14.30. Vi ber innbyggarane å kontakte kommunen per telefon eller digitalt for nærare avtale, og helst ha møter over telefon eller digitalt.

Beredskap i Aukra kommune

Beredskapsteamet i Aukra hadde møte måndag 17. januar, og føljer situasjonen tett. Kommuneoverlegen og hans team driv eit omfattande arbeid med testing, sporing og rådgjeving, i tillegg til vaksinering.

Oppdatert informasjon om smittetilfelle

Smittetilfelle i Aukra kommune.