Opning av StikkUT! 2022

Opning av StikkUT! 2022

Søndag 1. mai var det opning av StikkUT!-sesongen 2022 ved gapahuken i Aukraskogen.

Med god hjelp frå frivillige blei det servert bollar, kake og kaffe til turgåarane som tok turen innom gapahuken. Det var både lokale og tilreisande som tok turen i Aukraskogen denne finvêrsdagen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal bidrog med lærerik quiz langs vegen inn til gapahuken og flotte StikkUT!-premiar.

Før opninga var det fleire frivillige som sto på for å plassere ut kodebrikker på dei til saman 12 turane vi har i Aukra kommune. Tusen takk til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og frivilliggruppa for arbeidet so langt med StikkUT!-sesongen 2022!

God StikkUT!- tur!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete