Opning av barnehagar og skolar

Opning av barnehagar og skolar

Barnehagane og skolane i Aukra kommune opnar, men det skjer gradvis. 

Skolane 

1. -4. trinn og SFO opnar 27. april. Nærare informasjon om organisering og oppmøte vert gitt frå skolane. Informasjon om ytterlegare skoleopning kjem i neste veke. 

Barnehagane

i Aukra kommune vil ha eit tilbod for alle barn frå 22. april.

I perioden 22. april til 1. mai vil opningstida vere kl. 08.00 – 15.30. Det er ikkje anna opningstid for barn med foreldre som har samfunnskritiske arbeidsoppgåver.

Det vert gjort ei ny vurdering for kva tilbod som vert gitt i barnehagane etter 1.mai.

Temaside om korona